NameOla Andersson Reistad , 10G Grandfather
Death1645
OccupationBonde og lensmann
Alias/AKA“Gamle-Olav” / “Gamle-Ola” / Olav Eide / Olav Reistad / Olav Anderson Eide
Spouses
1NN , 10G Grandmother
Notes for Ola Andersson Reistad
Ola Andersson vart gift med ei dotter åt Torstein Eide ikr. 1600 og fekk då bygsla bruket etter verfaren. Ola er tvillaust son åt Anders Reistad, som var brukar på Reistad i Samnanger 1563, og han hadde odelsrett til Reistad. Navnet på kona åt Ola veit me ikkje, og av borni kjenner me berre sonen Anders f. ikr. 1603.
Ola hadde vore gift fyrr han kom til Eide, og kannhenda er Mons Heggland (Se Heggland 1), son hans frå fyrste giftemålet.
I 1610 vart verbroren Ola Torsteinson brukar saman med Ola Andersson, som då vart kalla “Gamle-Ola” til skilnad frå den andre. Drengjen deira, Mons Eide, vart utskriven til herferdi mot Sverik i 1611 og måtte til grensa saman med dei andre osingane. I 1612 flutte ola Andersson til Reistad i Samnanger og susette seg der, men kom att til Eide seinare.
Ola kom attende til Eide i 1620 og vart brukar pånytt. Ola sat godt i det og åtte m. a. halve Reistad. Han var no brukar på Eide radt til han døydde. I 1625 og 1626 budde han på Moberg og var då nemnd som lensmann, (Se indre Moberg 2).
(Os s679 - Smngr. s335)