NameOla Jakobsen Kuven , Half 5G Granduncle
Birth1732
Death1801
Spouses
Birth1745, Særvold, Os, Hordaland, Norge
Death1826
Married NameMari Didriksdatter Skjeie
Notes for Ola Jakobsen Kuven
Ola vart brukar (Borgen 1) saman med verfaren. Frå 1760 fekk han bruket åleine.
Ola og Marta fikk og ein gut som døydde ung.
Ola var 62 tumar høg og vart som “dygtig” utskriven til soldat i 1753, men då han same året vart gift og fekk seg 6 born med ein gong, vart han ført over til “reserven”. Ola dreiv med sjøen og sat godt i det. Han var ein mykje vyrd mann i Osbygdi, og m. a. førte han ordet for osingane på tinget i fleire år. Ola kom i strid med lensmannen i bygdi, men kom vel frå striden.
Då Ola kom til Borgen var desse husi på bruket hans: Ei røykstova med timbra kove og skot, ei sengebud med sval attåt, fjos, stall, tvo sauehus, det eine var timbra, eit mura gjeitehus ved bøgjerdet, eit kvernhus på Vallesida av elvi, og eit timbra naust på Haugsneset. Saman med grannen hadde han løda og eldhus, og likeins den gamle gardstova på tunet.
Ola dreiv fiske og var ein velstandsmann.