Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameSamuel Olavsson Haukanes , GGGG Granduncle
Birth1792
Death1881
FatherOlav Johannesson Haukanes (1738-1824)
MotherKari Samuelsdatter Gjerde (1750-1824)
Spouses
Death1875
Married NameHaukanes
ChildrenKari Samuelsdatter (1818-1871)
 Olav Samuelsson (1826-1912)
Notes for Samuel Olavsson Haukanes
Samuel var ein tiltøk og drivande kar, men ratt ein våghals, so han reint kunde sett livet til stundom. Ein gong gjekk han seg utfyre i Haukaneslidarne, og då spøkte det stygt etter livet hans; men verst var han ute då han rak av i Aldalselvi. Då såg det mest vonlaust ut, at han kunde kome livande frå det; men han rak inn i eit laksekar, som han nyleg hadde sett upp i elvi, og til all lukka vart han funnen der so snart, at dei fekk liv i honom att.

Han var altid lettliva og full av lentor, og svari hans kunde ofte vera sers kvikke og råkande. Soleis var det medan han bygde dei nye stovhusi på Haukanes, som enno stend, at Olav Steinsland kom framum i tunet der, då timbra var mest ferdug, og då tykte nok Steinslanden, at dette såg noko storveges ut, og so sa han; “Nei kva tenkjer du på no Samell, no bygjer du då upp i lufti fyrbi alle mål og merke!” “Ja so, gjerer eg det,” svara han Samell, “kann henda du hev nokre visse mål og merke upp i lufti du då?”
Last Modified 8 Oct 2000Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.