Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameJon Frantzen Mentz Vevatne , 9G Grandfather
Birth1589
Deathabt 1643
OccupationLensmann og Tollbetjent for Våge skipsreide
Alias/AKAJohan Mentz, Jan Frantzon, Johans
Spouses
1NN , 9G Grandmother
BirthHodlekje?
Death1644?
ChildrenJohannes Janson (-~1654)
 Ingebrigt Janson (~1609-1683)
 Samson (ca1620-ca1670)
2Marta Torsteinsdatter Lunde , Step 9G Grandmother
BirthØvre Lunde, Tysnes
Deathca 1644
Married NameMarta Torsteinsdatter Mentz
Notes for Jon Frantzen Mentz Vevatne
Jon hadde hovuddelen av Vevatne, truleg 5/6-partar av garden, det Fanafolket åtte. Peder Vevatne hadde denne delen kring 1600-1606 (Se Tysnes bd3, s684)

Jan Frantzen (Mentz), Bergen d. o. 1650, overtok hovuddelen av Vevatna kring 1606. Frå omlag 1640 hadde han og Marta heile garden. Jan Vevatna måtte i 1606 bøta 2 1/2 dlr. for “jomfrukrenkelse”- Det var vel den tilkomande kona han såleis “krenkte”. Jan var ein storkar og truleg bergenser av opphav. Ein Frantz Mentz er nemnd som borgar i Bergen i 1560-åra. Men Mentz-ætta kan ikkje vera skotsk, som det har vore hevda. Namnet er vel heller hollandsk eller tysk. Jan er sjølv ikkje nemnd med slektsnamnet i kjeldene, men sonen Ingebrigt brukte det seinare. Kan hende var det ein slekning av dei den Sander Mens som er omtala i 1631, då kona hans gav grunnleiga i Etne skipreida (Engelsgjerd?)

Jan åtte i 1624 mindre jordegodspartar i Hodlekje, i Nera-Lunde og i Bakka, Strandebarm (6 mrk. sm. 6 sk.). Sidan auka eiga hans.

Mulig at hans far var en Franz Mentz nevnt i Bergen i 1560 aara.

n. 1601-48.
----------------------------
Jan vart ofte nemnd som Johan i kjeldene og overtok hovuddelen av Vevatna i 1606. Frå om lag 1640 hadde han og Marta heile garden. Jan Vevatna måtte i 1606 bøta 2,5 dalar for "jomfrukrenkelse". Det var vel den komande kona han såleis "krenkte". Jan var ein storkar og truleg bergensar av opphav. Ein Frantz Mentz er nemnd borgar i Bergen i 1560-åra. Men Mentz-ætta kan ikkje vera skotsk, som det har vore hevda. Namnet kan heller ikkje vere hollandsk eller tysk. Jan er sjølv ikkje nemnd med slektsnamnet i kjeldene, men sonen Ingebrigt brukte det seinare. Kan hende var han ein slektning av ein Sander Mens som er omtala i 1631, då kona hans gav grunnleiga i Etne skipreida (Engelsgjerd?).
Jan dreiv med skog- og sagbruk heime på Vevatne, og det var nok dei gode tidene innafor denne næringa som hadde drege han ut av byen. Jan Vevatna var fast lagrettemann over fleire tiår, noko som viser posisjonen han hadde i bygdesamfunnet. I 1633 måtte han forresten sjølv for retten og vart funnen skuldig i å ha funne ein slipestein som tilhøyrde ein annan, utan å gjere dette kjend. Bota var heile 8 riksdalar, nesten verdien av tre kyr. For eit sildegarn han fann samstundes, og like eins dølgde, måtte han bøta 2 riksdalar.
Enkja Marta hadde del av jorda etter han fram til slutten av 1650-talet.
Han eigde mindre jordepartar i 1624. Dette var i Hodlekje, i Nera-Lunde i Tysnes og i Bakka i Strandebarm. Sidan auka eiga hans til 1 spann smør 1/4 hud i Nera-Lunde, 5 spann smør 1hud 1 geiteskinn i Nera-Bolstad (Hålandsdalen), 1 laup smør 1/2 hud i Børsheim, 1/2 laup 9 merker smør 1/2 hud i Risa, 20 merker smør 1 geiteskinn i Grønnevik og 1 spann smør i Bakka, alle i Strandebarm. Godset i Bolstad hadde han fått pantebrev på i 1627, mot lån på 100 dalar "och en Hest". "Beskjeden mand Johan Frantzen paa Vevatne" fekk i 1637 skøyte på ein odelsjordpart i Skogseide i Hålandsdalen av Haldor Olson på Årra. Ei tid eigde han også Tombra i Hålandsdalen.
Han hadde såleis gode innkomer av landskyld. På Vevatna sat han sjølv som leiglending.

Kilde, GENI:
https://www.geni.com/people/Johan-Vevatne-Mentz/6000000000972149452?through=6000000002893696681
Last Modified 25 Dec 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.