Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameBørje Larsson Brattebø 11, 8G Grandfather
Birthca 1636, Brattabø, Jondal, Hordaland, Norway
Death1713
OccupationLagrettemann og kyrkjeverje i Jondal
Alias/AKABrattaböekongen, Lauritsson, Lauritzon / Börje Larsson Bratteböe, Børge Lauritzen Brattebø, Brattebøe, Berge, Brattabøbjørnen
FatherLaurits Børjeson Brattebø (ca1600-1659)
MotherGurid Larsdatter Losna (->1661)
Spouses
Birthca 1642, Handagard, Jondal, Hordaland, Norway
Death1692
Alias/AKAHandagard
FatherDidrik Ivarsson Litle Linga (1607-1687)
Marriageca 1658
ChildrenGuro Bergesdatter (ca1660-1696)
 Lars Bergeson (ca1660-1728)
 Brita Bergesdatter (ca1663-1737)
 Ola Birgeson (1667-1747)
 Jorun Bergesdatter (ca1668-1731)
 Herborg Bergesdatter (1674-1751)
 Marita Bergesdatter (ca1675-1695)
 Sigrid Bergesdatter (Died as Infant) (1676-1676)
 Helge Bergeson (ca1676-1759)
 Guro Bergesdatter (1678-1765)
 Ivar Bergeson (ca1687-1772)
Birthca 1633, Åkre, Strandebarm
Deathbef 1713
Alias/AKAEli, Øyerhavn
FatherJohannes Utormson Åkre (1608-1682)
MotherAnna Pedersdotter (->1682)
Marriage1693
Notes for Børje Larsson Brattebø
I bygdesegnene går Berge Larsson Brattabø under tilnamna “Brattabøkongen” og “Brattabøbjørnen”. Det siste tilnamnet skal han ha fått fordi han drap ein bjørn i Tørvikbygd med sverd. Han må ha vore ein spesiell mann, men det er ikkje så mykje å finne om han i skriftlege kjelder. Johannes Aga karakteriserer han slik i Slægttavler og væsentlig vedkommende Ullensvang (1878): “rig og storslagen”. Lokalhistorikaren O. Olafsen har skrive ikkje særleg målåte om han at det “var sandsynligvis Birge Brattabø, som gjorde Jondal til den bygd, som den i den senere tid like ned til vore dage har vært.” Han skal ha drive stort som forretningsmann, med eige farty og sagbruk. I 1667 vart han stemna av futen fordi skipet hans ikkje var meldt til tollvua i Sunnhordland. I 1670-åra kjøpte Berge i lag med Johannes Vik mesteparten av det godset Munkeliv kloster hadde eigd i Jondal, totalt om lag 10 laupar smør, mellom anna garden Svåsand, som dei delte. Han hadde også part i mange andre gardar, noko borna hans fekk nyte godt av, og han hjelpte andre til å kjøpa gardane sine i denne tida, truleg ikkje minst for å erta frenden sin i Vik i Jondal, den småskorne lensmannen Johannes Vik. Elles lånte Berge ut mykje pengar til Galtungane på Torsnes mot pant i jorda deira. I 1689 kunne han såleis kjøpe ut siste rest av den garden han sjølv sat på, då det vart tinglyst ein “transport” frå Johan Galtung på 1 laup og 2 pund smør i Brattabø. Berge var lagretteman og kyrkjeverje i Jondal, liksom far sin.

Mer om Børje i Gards- og slektssoge for Jondal Kommune av Gaute Losnegård s. 450.

---
Om “Bratteböekongen” Börje Larsson n. her i 10. ledd linje 106-110 nedenfra kan læses i Fusa Saga IV s. 671-672-673 samt i Olav Kolltveits Jonsdal i gamal og ny tid, bind 2. Gards og Ættesoga. (1 og 2 i samme bok). (Fusa III 73 - IV 671/72)

---
O. Olafsen nemner dessutan (tidsskriftet “Hardanger” 1931) døtrene Helga, g. m. Endre Samsonson Trå i 1691 og Guri, g. 1 m. Aslak Olson Trå 1690, g. 2 m. Mikkel Olson Tveit 1701.“s77“
Last Modified 12 Sep 2006Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.